NAV ekspertbistand

NEMUS Stord/Bømlo/Husnes • Region: Sunnhordland

NAV ekspertbistand er eit verkemiddel for å hjelpe bedrifter. Bedrifta kan få økonomisk bistand frå NAV for å iverksette «NAV Ekspertbistand» tiltak når ein tilsett står i fare for sjukemelding eller er sjukemeldt. Målet er å auke jobbdeltaking.

Ekspertbistand betyr at arbeidsgjevaren og arbeidstakaren får hjelp fra ein nøytral «ekspert» som har kompetanse på sjukefråvær, helse og arbeid.

Les meir om tiltaket her og korleis ein kan søke om NAV ekspertbistand her →

I Nemus Stord/Bømlo/Husnes er det Julie Berger som bidrar med denne kompetanse ut til bedrifter og tilsette.

Julie jobbar som Psykomotorisk fysioterapeut, spesialist MNFF, i NEMUS Stord. Ho har arbeidd som privatpraktiserande fysioterapeut sidan 2003. Ho har i tillegg kombinert arbeida i privat klinikk med å jobbe i bedriftshelseteneste frå 2005-2017.

Julie har frå 2010 både erfaring frå «Raskare tilbake» tiltak gjennom NAV, deretter Helse Fonna sitt «Arbeidsretta behandling» fram til vår 2022. Begge tiltak med mål om auka arbeidsdeltaking og betre helsetilstand hjå arbeidstakar.

Hennar kompetanse, både gjennom utdanning, vidareutdanning og erfaring frå førebyggande arbeid i bedriftshelseteneste gjer ho godt egna til å bistå bedrifter i regionen med sjukefråværsarbeid på individnivå.

Julie kan gjennom NAV ekspertbistand bidra med;

  • Stressmeistring og friskfaktorar/nærværsfaktorar i arbeidslivet
  • Støttesamtalar ved sjukemelding, samansette helseutfordringar, livsbelastningar, arbeidskonflikt eller liknande.
  • Sjukefråværsoppfølging
  • Funksjonsvurdering
  • Arbeidsplassvurdering

Dersom du ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt med NAV lokalt eller NAV Arbeidslivsenteret. Du kan også sende Julie ein mail: on.sumen@regreb.eiluj